Fagkokk / ernæringskokk – 50 % kreft sengepost / 50 % medisinsk sengepost
Vi har ledig ei spennande stilling som fagkokk/ernæringskokk i ei kombinert stilling ved kreftsengepost (50 %) og medisinsk sengepost (50 %). Stilling er dagarbeid.
Hos oss får du arbeide tett på pasientane og bidra direkte til betre behandling gjennom tilpassa kosthald og ernæring. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og samarbeider dagleg med sjukepleiarar og anna helsepersonell.
Om stillinga
Vi søkjer deg som er oppteken av ernæring i sjukehus og ønskjer å bidra til god pasientbehandling. Du trivst i samarbeid med andre faggrupper og ser verdien av tilpassa mat som ein viktig del av behandlinga.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ida Juklestad, Seksjonsleiar Kreftsengepost , (+47) 578 39 313
Anne Mari Indrebø, Seksjonsleiar Medisinsk sengepost 2, (+47) 578 39 411
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5147063501
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.