Vil du ha meir samanhengande fritid, påverke eigen turnus – og jobbe ein stad der innspela dine blir tatt på alvor?
Vi har no fleire ledige faste stillingar som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget!
Dette får du hos oss
Ein jobb med meining – og utvikling
- Satsar på utvikling og kvalitet
- Ønskjer nye idear frå tilsette
- Gir deg moglegheit til å påverke
Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har:
Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Stine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, stine.fylling@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5146533865
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.07.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!