Korttidsposten er ein heildøgnsdreve eining i Mottaksklinikken med 20 senger. Posten har tverrfaglege team med legar og sjukepleiarar som tar i mot pasientar som har forventa kort liggetid. Pasientane har mange ulike diagnosar innan dei fleste medisinske fagområda og dei tilsette har brei fagleg kompetanse.
Vi har eit aktivt og spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver og stor gjennomstrømming av pasientar heile døgnet.
Starttidspunkt for stillingane etter nærare avtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Frida solheim Haugsvær, Seksjonsleiar, frida.solheim.haugsver@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5149417412
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 08.07.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.