Vil du vere med å utvikle gode helsetenester i Stad kommune? Bu- og miljøtenesta Selje / Stadlandet har no ledige tre 100 % stillingar som miljøterapeut. Stillingane er inkluderte 20 % frie timar.
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.
Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide telefon 481 19 558 eller assisterande einingsleiar Ann-Charlotte Jansson telefon 977 23 146
Silje Sneide, Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no
Ann-Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar, 97723149, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
Primær Fylkesveg 620 17
6750 Stadlandet
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5139770507
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!