oppgitt for dei enkelte stillingane
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar.
RAK tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. RAK satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. RAK har om lag 600 tilsette og ti kliniske seksjonar som tilbyr avrusing, stabilisering, poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium, LAR-behandling og ambulante tenester. Vi har også det einaste medikamentfrie behandlingstilbodet i vår region for unge mellom 18 og 40 år.
* Engehuset, Korttidspost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar, pt langvaktsturnus og kvar 4. helg
Seksjon Martens, Tvangspost er ei sengepost med fire døgnplassar for pasientar innlagde etter vedtak i Helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 og 10-3. Overordna mål med opphaldet er avrusing, stabilisering, samt å motivere og leggje til rette for vidare frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Behandlinga har både eit akutt perspektiv – å førebyggje alvorleg helseskade og eit langsiktig mål om redusert rusmiddelbruk eller rusfrihet. Det blir lagt vekt på individuell tilrettelegging, brukarmedverknad og tett samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar. Gravide med rusliding er òg ein del av pasientgruppa.
I byggets andre etasje ligg Korttidspost Martens. Avdelinga har 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging.
Kontakt: Trudi Davanger, Tlf. 55958898/ 47999686
Engenhuset, Korttidspost er ein sengepost med langvaktsturnus og arbeid kvar 4 helg. Engenhuset held til i flotte, nye lokale i Håkonsgaten 1 - midt i Bergen sentrum. På Engenhuset er vi eit stort fagmiljø beståande av korttidspostane, Heroinassistert behandling (HAB), Poliklinikk, KORUS, forsking, Ambulant og URO. Vi gir tilbod om rusbehandling til 24 pasientar fordelt på 2 postar. Vi tilbyr kjønnsdelt behandling, derav ein post for kvinner og ein post er for menn. På korttidspostane jobbar vi hovudsakleg med medisinsk avrusing men har stort fokus på å utøve god miljøterapi. Vi har også eigen treningsterapeut og musikkterapeut. Hos oss møter du pasientar med samansette behov, og blir ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse.
Har du erfaring innen psykisk helsevern eller TSB/rusomsorg og ønsker å gjere ein forskjell i pasientens veg mot betring? Hos oss møter du pasientar med samansette behov, og blir ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse.
Kontakt: Åse Rosén Byrkjedal Lade, Tlf. 97740552
Arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Hatleveien 7D
5038 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5146479984
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.