Høyanger skule har ledig 100 % stilling frå 01.08.26. Stillinga er øyremerkt elev med nedsett eller ingen høyrsle, med behov for tilrettelagt undervisning.
Kvalifikasjonar:
• Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, med spesialpedagogikk i fagkrinsen. Eventuelt logoped med undervisningskompetanse i grunnskulen.
• Det er ønskjeleg at søkjarar har erfaring frå arbeid med barn med høyrsleutfordringar, og kan teiknspråk og/eller teikn til tale.
• Det er nødvendig med kompetanse i grunnleggjande lese- og skriveopplæring, samt grunnleggjande matematikk.
• Erfaring med arbeid med flyktningar er ein fordel.
• Ønskje og vilje til å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter
• God relasjonskompetanse
• Positivitet
• Fagleg engasjement
• Fleksibilitet
• Gode samarbeidsevner
• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
• Høve til kompetanseutvikling
• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
• Lønn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema:
Søk herHøyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born.
Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.