Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i seks avdelingar: Barnevern, Helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.
Omtale av stillinga Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehageteamet for snarleg tilsetting. Barnehageteamet er organisert som ein del av PPT og avdelingsleiar på PPT er spesialpedagogen sin næraste leiar. Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp, samt ei utøvande og rettleiande rolle innan spesialpedagogisk arbeid. Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Oppmøtestad kan endrast kvart tredje år, eller etter behov. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 4. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over dette vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i barnehagane. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane. ArbeidsoppgåverVi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov. Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil. For søkarar med utenlandsk utdanning kreves godkjenning frå NOKUT og søkarar utan norsk morsmål må ha bestått norskprøve på minimum nivå B2.
Vi tilbyrDet er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla lov om barnehagar § 30.
Link til søknadsskjema:
Søk herKvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.