Storevatn barnehage ligg i Florø sentrum og er ein 5 avdelings barnehage for barn i aldersgruppa 1-5 år. Barnehagen har 2 pedagog-ordning og tilsette med god utdanning, er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap i fellestid og plantid til beste for barn si utvikling og læring. Hausten 2026 vil barnehagen ha 78 barn og 21 tilsette. I vår barnehage er vi opptekne av tryggleik på alle nivå, og arbeider tett saman på avdeling. Ved bruk av verktyet Start smart og teamkontrakt ønsker vi å skape godt arbeidsmiljø med gode arbeidsvilkår - saman blir vi gode!
Barnehagen sin visjon er tryggheit, trivsel og tillit. Dette er grunnlaget for barnehagen sitt arbeid med utvikling, leik og læring i eit inkluderande felleskap. Årets kommunale satsing vil vere leselyst. Og i vår barnehage ønsker vi å knyte dette saman med inkluderande leik og leseglede.
Vi har godt tverrfagleg samarbeid, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta mellom anna med kompetanseutvikling.
Lønn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikring i KLP
Nina Anette Steindal, Tenesteleiar Storevatnet Barnehage, +47 99635363
Em Holevegen 22
6906 Florø
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5147612257
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 28.06.2026
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.