Er du helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent eller helsefagelev og ønskjer å jobbe på ei lita, koseleg sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me ønskjer i hovudsak deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring og\eller under helsefagleg utdanning vert også vurderte og oppmodast til å søkje.
Dersom den som får stillinga ikkje har relevant utdanning, er det forventa at vedkommannde byrjar på utdanning som helsefagarbeider innan to år frå oppstart i stillinga.
Ein arbeider gjennomsnittleg kvar 4. helg med langvakter på 13,5 timar, med ordinær kveldsvakt på fredag når det er arbeidshelg, noko som tilsvarar ein 24 % helgestilling.
Det vil også vere gode moglegheiter for å jobbe i feriar og høgtider.
Stillinga er ledig frå 01.09.26 - 01.09.27, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetjing.
Pleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova.
Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar.
Avdelingane er lokalisert på Boknatun.
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Link til søknadsskjema:
Søk herSeksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet.
Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.