Har DU lyst til å bli vår nye kollega på helg? Er du student innan helsefag eller har du helsefagleg utdanning?
Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S4 er ein lukka psykosepost med 12 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi jobbar i team saman med psykiater, psykolog, sosionom og milijøpersonell rundt kvar pasient. Vi jobbar tett saman med behandlingsaparatet ute for å sikre ein god og rask utskriving til eigen bustad eller anna behandlingstilbod.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon og vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling, pasientryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.
Vi har no ledige 18% faste stillingar som assistent på helg med arbeid pt. kvar 3. helg.
Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.
June Bønæs Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55958848
Mari Strømmen, Ass. seksjonsleiar, 55958847
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5148211520
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 12.07.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.