Nesbukti pleie- og omsorgssenter søker etter assisterande einingsleiar i 100 % fast stilling.
Stillinga er ledig frå 1. desember 2026, med ønskje om tiltreding 1. november 2026, eventuelt etter avtale. Det er ønskje om overlapp i forkant av tiltreding for å sikre god opplæring og ein trygg overgang i rolla.
Stillinga er ei kombinert stilling der 40 % er sett av til administrative og leiingsrelaterte oppgåver, og 60 % er arbeid i avdeling i turnus. Dei administrative oppgåvene vert i hovudsak lagt til faste dagar i veka, men kan tilpassast drift og behov i eininga.
Arbeidstida er ein kombinasjon av dagarbeid og turnus, med arbeid inntil kvar 3. helg.
Assisterande einingsleiar arbeider tett saman med einingsleiar og har ei sentral rolle i drift, utvikling og personaloppfølging i eininga.
Vere stadfortredar for einingsleiar i dennes fråvær, med ansvar for dagleg drift, prioriteringar og oppfølging av tilsette
Medansvar for personalleiing, inkludert oppfølging, rettleiing og tilrettelegging
Bidra til fagleg utvikling, kvalitets- og forbetringsarbeid i eininga
Medverke til god økonomistyring, og sikre drift innanfor tildelte rammer
Personalplanlegging, turnusarbeid og dagleg bemanning i samarbeid med einingsleiar
Delta aktivt i dagleg drift i avdelinga som sjukepleiar/vernepleiar
Bidra i utviklings- og endringsarbeid knytt til organisering av tenesta
Andre oppgåver kan bli delegerte av einingsleiar
Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Erfaring frå leiing eller relevant leiarkompetanse frå prosjektarbeid, utviklingsarbeid eller andre koordinerande roller som gir god forståing for leiing, turnusarbeid og organisering av tenester. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell leiarerfaring
Erfaring frå institusjon eller liknande kommunale helsetenester er ein fordel
God digital kompetanse
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Ansvarsbevisst, strukturert og fleksibel
Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å skape tryggleik og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Robust og i stand til å stå i krevjande situasjonar
Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og personleg eignaheitved tilsetting.
Løn etter gjeldande tariffavtale og i samsvar med kvalifikasjonar og ansvar i stillinga.
For meir opplysingar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332 eller epost kristin.aamot@seljord.kommune.no
Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på avdeling for demente, 5 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.