Heimetenesta har for tida tre ledige stillingar som helsefagarbeidar.
I heimetenesta jobbar ein både ute på bygda i private bustader og inne i omsorgsbustader.
Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me fleire team som arbeider målretta med prinsippet «kva er viktig for deg» innan ulike fagområde som demens, sårbehandling, kreftomsorg, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet gir tett oppfølging til pasientar som i periodar treng ekstra støtte for å meistre kvardagen på eiga hand. Sjølv om me er delt inn i soner, er me éi samla avdeling som samarbeider tett.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte av høg takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen. Me kastar oss ut i alle prosjekt som kan bidra til å gjere oss til den beste heimetenesta – både for tilsette og pasientar. Avdelinga har årsturnus, og du får høve til å påverke eigen arbeidsplan i stor grad.
ersonelge eigenskapar vektlegast.
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302
Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5147222624
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 06.07.2026
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.