Ledige stillingar fast og vikariat for helsfagarbeidar og pleiemearbeidar i heimetenestene i Volda Kommune.
85 % fast stilling (natt) for pleiemedarbeidar
Ambulerande heimetenester gruppe 1 og 2, med base i Volda sentrum
Turnus: for tida arbeid kvar tredje helg
Oppstart: 01.09.2026
95 % vikariat for helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar
Folkestadtun omsorgsbustad
Turnus: dag/natt og langvakter på helg, for tida arbeid kvar tredje helg
Periode: 01.09.2026 – 31.08.2027
🔹 Om stillingane
Med oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Du vil arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper.
Vi har eit sterkt fokus på:
kvalitet i tenestene
fagleg utvikling
gode og trygge tenester for brukararane
Du blir ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der samarbeid og trivsel står sentralt.
🔹 Vi tilbyr
✔ Fast stilling og vikariat i eit utviklande fagmiljø
✔ Varierte arbeidsdagar med faglege utfordringar
✔ God opplæring, rettleiing og fagleg støtte
✔ Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
👉 Hugs å oppgi i søknaden kva stilling du primært søkjer på.
Søk no og bli ein del av vårt dyktige team!
Som helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar vil du møte brukarar med ulike og samansette behov. Du skal bidra til god omsorg gjennom observasjon av helsetilstand og utføring av pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og tiltaksplanar.
Arbeidet tek utgangspunkt i individuelle tiltaksplanar og kan til dømes omfatte bistand til personleg pleie, forflytting og tilrettelegging for måltid.
For stillingar ved Folkestadtun omsorgsbustad kjem det i tillegg praktiske oppgåver som rydding, reinhald og anna førefallande arbeid. Personalet skal bidra til helsehjelp, aktivisering og tilrettelegging for ein god og meiningsfull kvardag for bebuarane.
Alle tilsette har ansvar for å medverke til godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø.
For helsefagarbeidarar inneber stillinga eit særleg ansvar for observasjon og dokumentasjon av helsetilstand, samt å setje i verk og følgje opp tiltak i samarbeid med anna helsepersonell. Helsefagarbeidarar har òg ansvar for rettleiing av pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar.
Dokumentasjon i pasientjournal er ein viktig del av arbeidet, i tråd med rolle og ansvar.
Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73, ingeborg.mork.haaskjold@volda.kommune.no
Vegar Batts, Seksjonsleiar, 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521
Sevrinhaugen 4
6102 Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5148022632
Stillingsprosent: 85%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 01.09.2027
Søknadsfrist: 08.07.2026
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Fleire ledige stillingar i Volda kommuneHold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.