Det er ledig ei 24 % stilling som bibliotekar ved Ryfylkebiblioteket Suldalsosen frå 1. august 2026. Biblioteket er ope for skuleelevar frå 1.–7. klasse på dagtid og er ope nokre timar på ettermiddagen for innbyggjarane i bygda. Stillinga følgjer skuleåret (42 vekers arbeidsår), og biblioteket er stengt i skulen sin sommarferie.
Det er mogleg å kombinera stillinga med ei 2,5 % laurdagsvaktstilling ved hovudbiblioteket.
Arbeidet i biblioteket er variert og omfattar mellom anna innkjøp og klargjering av bøker, vedlikehald og presentasjon av samlinga, samarbeid med skule og lokalsamfunn, og å ta imot og rettleia brukarar.
Opning for søkjarar utan formell kompetanse:
Søkjarar som ikkje fyller kravet om 3-årig utdanning kan i særskilde tilfelle bli vurderte dersom dei har annan relevant kompetanse, erfaring og/eller personlege føresetnader for stillinga med andre vilkår jfr. gjeldande avtaleverk.
Du blir del av eit kollegium som møtest jamleg til fagleg påfyll og sosialt samvær.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med biblioteksjef:
Anne Mo, tlf 45 61 29 73
Søknadsfrist: 5. juli 2026
Send søknaden elektronisk via kommunen si nettside.
Me gler oss til å høyre frå deg – velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!