institusjon i Vestland, som møter dei store nasjonale og regionale forventningane som er stilt.
Fagskulesektoren er i stor endring, og det er ambisjonar om å utvikle skulen vidare som høgare
utdanningsinstitusjon. Samstundes ønskjer skuleeigar å styrke skulens posisjon som den viktigaste
leverandøren av etter- og vidareutdanning og yrkesretta kompetanseheving for arbeidslivet i Vestland. Fagskulane vil i løpet av dei kommande åra få moglegheit til å få større fullmaktar enn dei har i dag og vil også kunne tilby utdanningar på nivå seks og sju i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring. Dette krev at instutisjonen klarar å handtere ein høg grad av autonomi samstundes som ein framstår som
ein instutisjon. Krav til dialog og samarbeid både internt og ekstern er avgjerande for om Fagskulen Vestland lukkast med desse oppgåvene. Stillinga får ansvarsområde sitt knytt til Studiestadane Nordnes og Hjeltnes, og vil ha eit overordna ansvar for den pedagogiske utvikling og læringskvalitet ved aktuelle studiestadar. Prorektor skal sikre ein god samhandling mellom administrasjon og pedagogikk ved studiestadane. Arbeidsstad vert i Bergen.Torbjørn Mjelstad, rektor , 97142081
Oddmund Klakegg, Styreleiar, 99202661, oddmund.klakegg@sunnfjord.kommune.no
Haugeveien 28
5005 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5134302636
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.