Heimetenesta er ei eining under sektor for Helse og omsorg. Heimetenesta har ansvar for tenestene til heimebuande brukarar i kommunen, samt omsorgsbustadar ved Haugetun, Sørhagen, Fjordro og Utsikta.
Frå 01. juli har vi ledig 80,30 % fast stilling på natt og søker etter engasjert medarbeider. Stillinga har arbeid 2 eller 3 helgar på seks veker. Vi har eit tett samarbeid med sjukeheimen og sjukepleiar på natt har ansvar både for heimetenesta og sjukeheimen. Heimetenesta har 31,57 årverk og eit godt arbeidsmiljø. Vi ønsker deg som skapar tryggleik og tillit både med pasientane og kollegaer.
Tilsettinga krev at tilfredsstillande politiattest vert framlagt før tiltreding.
Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar, +47 95918965
Presegardsvegen 31
6084 Larsnes
Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5146585926
Stillingsprosent: 81%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.