Vi ser etter ein erfaren, trygg og solid skipsførar til vårt fartøy MF Ivar Aasen, på sambandet Solholmen-Mordalsvågen.
I rolla som skipsførar vil du ha ei sentral oppgåve i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Arbeidet byr på både ansvar og reelle utfordringar, med skiftande værforhold og eit fartøy som krev presis og trygg handtering. Du blir ein viktig bidragsytar til gode opplevingar for både passasjerar og mannskap, og samarbeider tett med kollegaer både om bord og på land.
Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Du går ei veke dag etterfulgt av ei veke natt.
På Ivar Aasen har vi ei valfri 7/12 ordning, som inneber at man i tillegg til ordinær skiftplan forpliktar seg til 7 ekstravakter som takast i løpet av året. For desse 7 ekstravaktene vert du kompensert for 12 vakter, derav 6 nattevakter og 6 dagvakter. I tillegg får man i ordninga heile året dekka reise utover 30km, til og frå arbeid første og siste tur.
Mordalsvågen - Solholmen er ei fin rute der du får pausar både midt på dag og på natt.
Søkar bør bu lokalt.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5148107812
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 28.09.2026
Søknadsfrist: 06.07.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.