Til Kvinnherad kommune si avdeling «Kulturarena» vert det søkt etter avdelingsleiar. Avdelinga har to lokasjonar som skal drivast saman; Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena.
Kulturhuset Husnes driv kulturproduksjon med arrangement, kino og servering i lokale i Husnes sentrum. Kultursenteret skal vere eit kommunalt og regionalt kraftsenter for kunst og kultur og ein attraktiv arena for møte, kurs, konferansar og seminar. Kvinnherad Arena er kommunen si nye kulturelle storstove, ein stor og variert idrettsarena både for breidde- og toppidrett og ein viktig arena for opplæring.
Avdelingsleiaren vil ha ansvar for utvikling og drift slik at tilboda får spela ei rolle i barn, unge og vaksne sine liv. Næringslivet skal òg dra nytte av våre fasilitetar, og vidareutvikling skal skje i godt samspel med aktørar innan kultur og idrett i kommunen.
Kommunen sine kulturtenester vart nyleg samla i Eining kultur. Avdelingsleiaren skal delta i vidare prosess og bidra til å forme morgondagens tilbod og løysingar. Det kan såleis koma endringar i ansvarsområde, oppgåver og stillingstittel som følgje av dette.
Avdelingsleiar skal omsetja måla til praktisk handling og har ansvar for den daglege drifta.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema:
Søk herKvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)