I SpareBank 1 Sogn og Fjordane jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar, utvikle sterke lokalsamfunn og ta gode val for framtida. For å få til det treng vi flinke fagfolk som gir banken kontroll, innsikt og retning.
No styrkar vi arbeidet med balanse- og kapitalstyring, og søkjer ein analytisk og forretningsorientert fagansvarleg til ei viktig rolle i banken. Her får du arbeide tett på leiinga og vere ein sentral bidragsytar i banken sitt arbeid med kapital, likviditet og balanse.
Du blir ein del av avdelinga Økonomi og innsikt, eit fagmiljø med 14 medarbeidarar innan finans, økonomi, analyse, teknologi og styring. Avdelinga skal sikre god styring, kontroll og eit påliteleg beslutningsgrunnlag for heile banken.
Vi ser etter deg som kombinerer analytisk styrke med god forretningsforståing, og som trivst med å arbeide tett på viktige beslutningar i banken.
Du har høgare utdanning på masternivå innan økonomi, finans eller tilsvarande, og gjerne nokre års relevant erfaring frå bank, analyse, controlling, risiko eller finans.
For å lykkast i rolla må du trivast med å arbeide strukturert og sjølvstendig, ta eigarskap til oppgåvene dine og følgje opp detaljar heilt fram til leveranse. Du må vere oppteken av kvalitet, evne å sjå samanhengar og like å setje deg inn i komplekse problemstillingar.
Vi ser og for oss at du har:
Kvifor denne rolla?
I denne rolla får du jobbe tett på banken si leiing og få innsikt i korleis banken blir styrt. Du får vere med å påverke beslutningar knytt til kapitalbruk, vekst og finansiering, og bygge erfaring innan eit viktig fagområde i banken.
Rolla gir eit godt utgangspunkt for vidare utvikling innan finans, analyse og strategi.
Vi legg vekt på gode vilkår og ein kvardag som gir både fagleg og personleg utvikling. Du får fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august, i tillegg til gode pensjons- og forsikringsordningar og funksjonærvilkår på renter.
Vi tilbyr medeigarskap i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, og du får høve til å leige banken sine hytter og leilegheiter.
Ta gjerne kontakt med Irene Flølo om du er nygjerrig eller har spørsmål om rolla.
Søknadsfrist: 01.07.2026