Alva Samdrift søkjer ein person som vil jobbe hjå oss i 100 % stilling. Vi har ei veldrive kufjøs med mjølkerobot og mekanisert fôringslinje. No treng vi nokre ekstra hender. Arbeidet inneber fjøsarbeid og diverse utearbeid. Du må ha landbrukserfaring, ha traktorsertifikat og beherske norsk eller engelsk. For meir informasjon om stillinga kontakt Ingvild Berge på tlf. 990 36 070
Løn etter avtale. Tilsetjing frå 3. august.
Skriftleg søknad vedlagt CV og attestar/vitnemål sendast snarast til Vest Landbrukstenester SA
Vest landbrukstenester er eit sjølvfinansiert selskap eigde av bønder i Hornindal (i Volda kommune), Selje (i Stad kommune) og Stryn kommune. Vi arbeider for å hjelpe bøndene med avløysarar og utlønning når bonden skal ha ferie/fritid eller vert sjuk. Vest landbrukstenester administrerer landbruksvikarverksemda. Dei tilsette er dekka av OTP, yrkesskade- og ansvarsforsikring.