Er du ein positiv og arbeidssam person som trivst med å arbeide i eit team?
Vi ved gynekologisk poliklinikk har ledig eit 6,månadsvikariat. Vi ynskjer ein positiv og løysningsorientert person til oss. Dersom du har kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel. Vi er ein kjekk arbeidsplass og ynskjer oss no eit nytt tilskot. Ynskjer du ein variert arbeidsdag innan eit viktig fagfelt så søk hos oss. Her er dyktige gynekologar, ultralydjordmødre, sjukepleiarar, pasientkoordinator og merkantile.
Høgare stillingsprosent, eller anna vikariat kan verte ledig.
Bli med på laget vårt – vi ser fram til å høyre frå deg!
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Gunnhild Vindvik Nordstrand, Seksjonsleiar, gunhild.vindvik.nordstrand@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5147210493
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.07.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.