Bø skule søkjer ein engasjert og fagleg sterk spesialpedagog som ønskjer å gjere ein forskjell! Frå 1. august 2026 har vi ledig ei spennande stilling der du får vere med og utvikle eit inkluderande og trygt læringsmiljø for elevane våre.
Bø skule er ein barneskule med 440 elevar og 70 tilsette. Vi er opptatt av å inkludere alle elevar i læringsmiljøet og å ruste elevane for livet
og framtida. Vårt motto er: SKO deg for livet! SKO = Samarbeid,
kontinuerleg framgang og omsorg.
Bø skule jobbar med utviklingsarbeid innan inkluderande læringsmiljø og utforskande praksis i samarbeid med USN. Skulen har fokus på praktiske og estetiske fag, i tillegg til dei grunnleggjande ferdigheitene; lesing, skriving, rekning, munnleg og digital kompetanse. Vi har dyktige tilsette som kvar dag arbeider for at elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø.
Særskilde krav
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Ruth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024
Gamleveg 71
3802 Bø
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5146801802
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 07.07.2026
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.