Herøy kommune har no ei spanande stilling ledig for deg som brenn for leseglede og gode språklege ferdigheiter hos barn og unge. Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leseinspirator i 100 % stilling. Stillinga er ei prosjektstilling for eitt år.
Stillinga er organisert med 50 % ved Herøy folkebibliotek og 50 % retta mot skulane i kommunen. Arbeidet inneber tett samarbeid med både bibliotek, skular og føresette, med mål om å styrkje leseferdigheitene og lesegleda hos barn og unge
Ved folkebiblioteket vert oppgåvene:
Samarbeidet med skulebiblioteka og skulebibliotekarane vil omfatte:
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetting (ikkje eldre enn tre månader).
Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleg. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn på intervju.
Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422
Lisjebøvegen 14
6091 Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5147949696
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 02.08.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.