UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVelkomen som søkjar til ei mellombels 50 % prosjektstilling som redaksjonsmedarbeidar (forskar 1108) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), Universitetet i Bergen. Stillinga har varigheit på to år.
Stillinga er knytt til det store ordbokverket Norsk Ordbok, som dokumenterer nynorsk og norske dialekter. Norsk Ordbok blir saman med Bokmålsordboka og Nynorskordboka oppdaterte ved LLE, og ordbokarbeidet er finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD).
KUD stiller krav om at ordbøker som heilt eller delvis er bygde opp for offentlege midlar, skal gje opplysingar om kva som er offisiell rettskriving i dag. Arbeidet med Norsk Ordbok starta opp i 1929, og 1938-rettskrivinga for nynorsk er nytta i alle dei tolv trykte banda av verket. Det er såleis ei prioritert oppgåve for redaksjonen at nettordboka skal vise gjeldande nynorsknorm i oppslagsorda, og redaksjonsmedarbeidaren skal bidra til det ved å oppdatere og samordne rettskrivingsopplysningar i ulike ordbokdatabasar.
Til saman utgjer ordbøkene, kjeldegrunnlaget og rettskrivingsressursane ein viktig infrastruktur for norsk språk. Det blir ei kjerneoppgåve for den tilsette å sikre kvalitet og konsistens i språkressursane knytt til ordbøkene og å bidra til at dei held seg fagleg og språkteknologisk relevante.
Relevant IT-kompetanse, særleg erfaring med redigeringsapplikasjonen i Korpuskel og korpussystemet Korpuskel-leks, er ein fordel.
Vi ser etter deg som har:
Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknad og vedlegg må vere på norsk. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no eller leiar for ordbokmiljøet Margunn Rauset, tlf. 55 58 24 63, e-post: margunn.rauset@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.