Stillinga som einingsleiar og rektor ved Giske skule er ledig frå hausten 2026 i samband med at rektor går over til rektorstilling på anna skule.
Giske kommune søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert rektor som vil leie skulen si vidare utvikling med fokus på eleven si læring og trivsel. I Giske kommune har vi samla oppvekstsektoren i ei felles retning for tidleg innsats og ein inkluderende praksis. «Det var bra eg kom» er visjonen for ein oppvekst i Giske kommune, med utgangspunkt i barnet sitt møte med barnehage og skule.
Er du klar for ei ny og spennande utfordring? Kan du jobbe målretta og rasjonelt med barn og ungdom? Ser du på elevar, foreldre og tilsette som ein ressurs i lærings- og utviklingsarbeidet? Då kan det hende du er den vi søkjer.
Giske skule arbeider for ein inkluderande skulekvardag der elevane opplever meistring, fellesskap og medverknad. Skulen har fokus på praktisk, variert og aktiv læring, mellom anna gjennom uteskule, leik og fysisk aktivitet. Lesing, skriveglede og bruk av skulebiblioteket er viktige delar av arbeidet med å skape lærelyst og gode læringssituasjonar. Personalet utviklar praksis gjennom profesjonsfellesskap, refleksjon og systematisk arbeid med sosial kompetanse, livsmeistring og elevane sitt læringsmiljø.
Grunnleggande prinsipp for Giskeskulen er:
Giske skule er lokalisert på Giskeøya og er ein 1-7 skule med rundt 85 elevar og 30 barn i SFO. Visjonen til skulen er "Ein god stad å vekse" med følgande viktige nøkkelord: læring, samarbeid, undring og raus. Skulen har eit dyktig og stabilt kollegium som er vane med å samarbeide til det beste for eleven og fellesskapet.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Søknaden vert vurdert ut frå søknadsbrev og vedlagt informasjon og dokumentasjon. Søknadsbrevet bør tydeleg skildre kvifor du søker stillinga, og korleis dine kvalifikasjonar og erfaringar oppfyller krav og kriteria i utlysinga.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.
Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.
Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP.
Giske kommune sine verdiar er:
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.
Åse Elisabeth Skjærseth, kommunalsjef, +47 98431522
Skulevegen 67
6052 GISKE
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5147815715
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.07.2026
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.