Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar.
Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp. Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt.
No søker vi deg som vil vere med å løfte oss vidare.
Vi har årsturnus, og for dei som ønsker det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
I tillegg har vi helgestillingar på 14–30 % for helsefagarbeidarar, assistentar og studentar. Her kan du velge mellom 7,5-timers eller 12,5-timers vakter.
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.
Velkommen som søkar!
Du søker elektronisk.
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.