Martin Lid Trelast søkjer ein engasjert og arbeidsvillig sommarhjelp/vikar som lagermedarbeidar.
Er du glad i praktisk arbeid og ønskjer verdifull arbeidserfaring? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Varemottak og vareutlevering
Orden og vedlikehald på lageret
Lasting og lossing av varer
Enkle førefallande oppgåver
Er 16 år eller eldre
Er påliteleg, positiv og arbeidsvillig
Likar fysisk arbeid og tek ansvar
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Ei variert og lærerik stilling som sommarhjelp/vikar
Eit triveleg arbeidsmiljø
God opplæring
Søknadsfrist: Snarast
Øivind Ringheim
📧 oivind@martinlid.no
📞 993 13 883
Me behandlar søknader fortløpande, så send gjerne inn søknaden din så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg!
Byggtorget Martin Lid Trelast ASer eit veletablert byggevarehus som har forhandla byggevarer, hus og hytter på Voss og i omegn i 65 år. Selskapet held til i eigne lokalar på Palmafossen og har i dag over 20 tilsette. Eigen prosjektavdeling har i over 50 år levert tilbygg, garasjar, hus og hytter. Me hjelper private og proffkundar med teikningar, prosjektering, søknader og byggevarer.
Me brenn for eit godt arbeidsmiljø og gode kundeopplevingar. Selskapet er medlem av byggevarekjeda Byggtorget og huskjeda Systemhus. Begge kjedene er medlemsbedrifter i Noregs største byggevarekonsern, Mestergruppen.
Byggtorget Martin Lid Trelast blei kåra til årets forhandlar i Norge og Region Vest i 2023.