Ål kommune har 5 kommunale barnehagar, med storleik frå 2 til 6 avdelingar. Her jobbar styrarar, barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar tett saman for å skape trygge og gode barnehagemiljø.
No søkjer vi ein engasjert barnehagelærar i 100 % vikariat som pedagogisk leiar p.t. i Sando barnehage, i perioden 01.12.2026–30.11.2027, med moglegheit for forlenging.
Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Barnehagen legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.
Som pedagogisk leiar hos oss er du ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet i kvardagen;
Hos oss er leiken sentral. Vi trur på den leikande vaksne og verdset fantasien, nysgjerrigheita og undringa til barna.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi legg stor vekt på kven du er som person. Vi ønskjer deg som:
Hos oss får du ikkje berre ein jobb; du blir ein del av eit fagleg fellesskap;
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Ål kommune har ein desentralisert barnehagestruktur med både små og litt større barnehagar. Sando barnehage er ein godt etablert to avdelings barnehage som opna i 2013. Barnehagen ligg flott til med fleire gode turmoglegheiter i nærområdet, deriblant gapahuken og lavvoen vår som begge ligg i fin avstand frå barnehagen. I Sando likar vi å vere aktive, både inne og ute. Satsingsområdet vårt er friluftsliv; her tek vi med barna på mange ulike turar gjennom året og dei yngste er blant anna med på hengekøyeturar.
Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane våre. Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.